MANGLAR TAL: Bjørnar Nesje og Norill Mallasvik i Utdaninngsforbundet seier det er frustrasjon fordi politikarar manglar tal og skulefolk ikkje veit kva som skjer.
Marta Kjøllesdal
Utdanningsforbundet etterlyser pedagogstillingar
Utdanningsforbundet etterlyser vedtekne pedagogstillingar, fagleg medverking og konkrete tal.
Utdanningsforbundet i Midt-Telemark skriv i eit brev til formannskapet at ein etterlyser pedagogstillingar som kommunestyret har vedteke innført i barnehagane i budsjettet for neste år. Forbundet bed om at innspela blir tekne med i debatten.