GROVEN FITNESS: Dagleg leiar Sølve Groven utanfor crossfit-senteret i Lundevegen i Bø. No er all trening samla på senteret på Grivimoen.
Øystein Akselberg, arkivbilde
Groven Fitness kjøper seg opp: Vil overta fleire treningssenter
Groven Fitness, med base i crossfit-senteret i Lundevegen, jobbar for å kjøpe ut Nr1 Fitness på Grivimoen frå 1. desember. Oppkjøpet vil gjelde avdelingane på Grivimoen, i Folkestadvegen og i Lunde.
Dagleg leiar i Groven Fitness, Sølve Groven, stadfestar onsdag ettermiddag overfor Bø blad at selskapet har planar om å ta over drifta av treningssenteret på Grivimoen, som i dag fungerer i regi av treningskjeda Nr1 Fitness.