BISPEVISITAS: Biskop Stein Reinertsen har eit tettpakka program og skal møte mange i løpet av fire dagar i Midt-Telemark.
Gro B. Røiland, arkivfoto
Biskopen kjem på visitas – her møter han midt-telemarkingar i alle aldrar
Eit tett program ventar biskopen i Agder og Telemark bispedøme, når han denne veka kjem på visitas til dei to sokna i Midt-Telemark kommune.
Det er fyrste gong biskop Stein Reinertsen kjem på visitas etter at Bø og Sauherad slo seg saman til Midt-Telemark kommune, men andre gong han besøker dei to sokna. I mars 2017 var han på visitas i Bø sokn og nokre år tidlegare i Sauherad og Nes. Visitasen i Sauherad og Nes sokn var hans fyrste som ny biskop.