STERK VENNEGJENG: Nettverket til Lisa Kvålen har vore til stor hjelp etter at ho brått miste sambuaren i ei trafikkulykke. Framme f.v. Grete Kvålen, Lisa Kvålen, Anita Haugen, Lene Lommerud og Iren Syvertsen. Bak f.v. Heidi Rulnes Aasen, Tine Fossen og Inger-Marie Dahl.
Hilde Eika Nesje
Lisa (36) mista sambuaren i sommar: – Det står folk overalt og løftar meg opp
Fem månader har gått sidan Lisa Kvålen (36) brått mista kjærasten sin og far til dei tre gutane deira. Sorga er tung å bere, men omsorga frå ei heil bygd har gjort det litt lettare.
Middag på døra. Eit nybakt brød. Ved til vinteren. Tilbod om å ta med sønene på kino, henting og køyring, og Pepsi Max som ho er så glad i. Alt dette har betydd uendeleg mykje for Lisa Kvålen det siste halvåret. For ikkje å snakke om venninnene som bare er der, og som verkeleg har stått på for å hjelpe henne gjennom krise og vonde dagar. Og fortsatt gjer det.