MEINER OM BIBLIOTEK: Halvor Langåsdalen har ikkje tru på flytting av biblioteket nå.
Privat
– Vedta gjerne bibliotek i Gullbring på sikt, men førebu det på skikkeleg vis
Vend i tide, det er ingen skam å snu (fjellvettregel nr. 8). Dette er ein kjend og klok regel i svært mange av livets situasjonar. Det gjeld ikkje minst i politikken.
Formannskapet i Midt-Telemark kommune vedtok 21.11.2022 ei tilråding til kommunestyret, i sak 110/22: Arbeidspakke bygg- avklaring vedr. bibliotek til Gullbring. Fleirtalet gjekk inn for å flytte biblioteket frå bankbygget til Gullbring så snart det let seg gjera, men omsynet til kulturskulen sine behov skal tilleggast «betydelig vekt».