BRYT OPP: Kjem biblioteket inn, ryk mykje anna kulturaktivitet ut. Kristoffer Mosfjeld (f.v.), Camilla Berg Rindahl og Kari Lønnestad er kritiske til at kommunen kan kome til å bryte opp eit sterkt fagmiljø.
Gro B. Røiland
Kulturfolk må ut viss biblioteket skal inn – kan forsvinne frå kommunen
Viss biblioteket skal inn i Gullbring kulturanlegg, må fleire kulturaktørar ut. To av dei kan fort forsvinne ut av kommunen.
Vestfold og Telemark kulturnettverk er leigetakar i det 110 kvadratmeter store lokalet innanfor Oppåstugo i andre etasje i Gullbring. Her er fleire kulturaktørar samla i det dei sjølve ser på som eit fruktbart kontorfellsskap. Dei ryk ut viss biblioteket kjem inn.