BORTEBUAR: Hølje Tveit (53).
Privat
– Midt-Telemark er ein fantastisk plass å vekse opp
Vekas bortebuar, Hølje Tveit (53), har gode minne frå oppveksten i Bø.
Når flytta du frå Midt-Telemark?
– Eg flytta ut i 1989 i samband med fyrstegongsteneste på Værnes (Trondheim), deretter Sørreisa (Troms). Etterpå har eg budd i Porsgrunn, Narvik, Bergen, Tromsø, Oslo, Asker, Lier, Undredal og til slutt på Voss (frå 2010).