Etter svartedauden vart det sagt at dette var ein av dei få gardane der det rauk frå pipa
Sanda er ein av dei aller eldste gardane i Bø. Gamle gravfunn i utkanten av garden tyder på at garden kan vere busett så tidleg som dei første hundreåra av vår tidsrekning. På det flate området der det i dag er både idrettsanlegg, ungdomshus og barnehage ligg i dag garden Sanda, gnr. 45, bnr. 1. Det var også i dette området den gamle Sandagarden hadde husa sine før garden vart delt.