GALLERI NYHUUS: Det blei god stemning i Galleri Nyhuus da fylkestoppane var på besøk, og fleire kom ut frå julebutikken med handlepose. F.v. Halvor Holtskog, kultursjef Hilde Pedersen (bak), kulturutvalsleiar i fylket Maja Foss Five (Ap), utvalsmedlem Nikolai Boye (H), kulturdirektør Else Blom og leiar i oppvekst- og kulturutvalet lokalt, Evy Beate Stykket (V).
Gro B. Røiland
Kulturtoppar i fylket på rundtur i Midt-Telemark. På Nyhuus blei det handel
Fredag var kulturtoppane i Vestfold og Telemark fylkeskommune på rundtur i Midt-Telemark kommune. På Nyhuus gard blei det handel av både plommesyltetøy og julepynt.
Else Blom, direktør for kultur, regional identitet, idrett og frivilligheit i Vestfold og Telemark fylke, og Maja Foss Five (Ap), leiar i det fylkespolitiske Utval for kultur, folkehelse, tannhelse og idrett, har som mål å besøke alle kommunane i fylket.