Heidi Jørgedal Førstøyl (48)
Privat
– Ungane leikar ute i gata her me bur, akkurat som eg gjorde i Bø
– Me bur rett ved skogen, så det følest ikkje så ulikt frå Breisås. Ungane leikar ute i gata, akkurat som me gjorde, seier Heidi Jørgedal Førstøyl (48), utflytta bøhering.
Når flytta du frå Midt-Telemark?
– Eg flytta etter vidaregåande. Eg studerte først eitt år i Kristiansand, før eg var så heldig å kunne vere eit halvår hos pappa i Zambia, der han jobba. Det var ei oppleving for livet! Etter det blei det bioingeniørutdanning i Oslo og jobb på Ullevål universitetssykehus. I 2000 møtte eg mannen min, Ole Martin. Me har fått to barn og bur framleis i Oslo.