SISTE FOR I ÅR: Frode Lieungh (H), rådsleiar Halvor Langåsdalen og Åshild Øygarden (Ap) på veg ut frå årets siste møte i Eldrerådet i år. Det var sett opp etter ønske frå rådet sjølv.
Gro B. Røiland
Eldrerådet drøfta bibliotek, Mariposa og Ung Arena
Eldrerådet i Midt-Telemark vil meine mykje om mangt og nyttar høvet til å gjera det. Torsdag var det budsjettsaker og arbeidspakke bygg dei meinte noko om.
I eit ekstra møte sett opp på initiativ frå Eldrerådet sjølv, drøfta medlemmene saker knytt til kommunebudsjett og arbeidspakke bygg. Her samla rådet seg om ein del felles utsegner.