KONSERT I JULETIDA: Her er Johanne Møllerbråten under ein av dei tidlegare konsertane i Bø kyrkje. Heilt til høgre på trommer, Sindre Bakkåker.
Gro B. Røiland
Johanne og Sindre diskar opp med band og strykarar
Sindre Bakkåker og Johanne Møllerbråten vil gje publikum litt fri frå den tradisjonelle og litt oppjaga juletida. Til å hjelpe seg har dei både band og eigen stryketrio.
Sidan 2020 har konserten Romjulstoner eksistert. Trass pandemi og strenge tiltak gjennomførte dei to lokale musikarane, Johanne Møllerbråten og Sindre Bakkåker, konserten både i Sauherad kirke og Bø kyrkje i 2020 og i Bø kyrkje i 2021.