FÅR MILLIONAR TIL FORSKING: Standard Bios Walter Anker (t.h.) viser fram biokol som ferdig produkt for SV-politikarane Audun Lysbakken (t.v.) og Jørn Langeland.
Øystein Akselberg
Gründerbedrift på Grivimoen får millionar til forsking
Gründerbedrifta Standard Bio i Bø får forskingspengar til å utvikle rimelegare batteri av blant anna biokarbon. Med på laget har dei forskarar ved Universitetet i Bø.
Regionalt forskningsfond Vestfold og Telemark (RFF) løyver 20 millionar kroner til ny og spennande forsking i regionen. Sju spennande forskingsprosjekt får denne veka melding om at dei får pengar til viktige og nyskapande prosjekt som skal bidra til klima- og miljøvenleg omstilling og meir berekraftig produksjon og forbruk i regionen.