GOD STØTTE: – Det er moro å bidra til aktivitet, seier Inger Marie Dahl (t.v) og Mette Haugholt (t.h) i Midt-Telemark Ap. Solfrid Tydal og Ron Bruinvis frå hagelaget, og Elisabeth Haugen frå Bø Frivilligsentral, er svært takksame for støtta.
Unni Buverud
Ap gav pengar til frivillig arbeid – det har desse nytt godt av
I samband med Frivilligåret 2022, tok Midt-Telemark Arbeiderparti på spanderbuksene. 35.000 kroner er delt på fem lokale lag, som alle jobbar med frivillig arbeid.
Mette Haugholt og Inger Marie Dahl i det lokale Ap-styret fortel at det på årsmøtet i fjor kom forslag til vedtak om å markere frivilligheita i kommunen. Tanken var å bidra økonomisk til tiltak som markerer Frivilligåret 2022, og såleis stimulere til aktivitet.