– KOM OG BLI MED: Turnarane Ingeline Bjervamoen Bogstad (8), Kristin Tangen (11) og Jenny Strand (11) ønsker andre barn velkomen til å bli med i turngruppa. Bak frå venstre Ingvild Nilsen, Carina Bjervamoen, Lene Svalbjørg Tangen og Ine Miland.
Unni Buverud
Nå blir det turn i kommunen – Ingeline, Kristin og Jenny vil ha med seg fleire
Har du lyst til å prøve deg på turnmatta, får du mulegheiten den 18. januar. Då opnar den nystarta turngruppa i Midt-Telemark døra til først treningskveld.
Nær 40 år etter at Bø hadde eiga turngruppe, er Midt-Telemark turn klar til å ta opp arven. Eldsjelene bak etableringa er Lene Svalbjørg Tangen, Carina Bjervamoen, Ine Miland og Ingvild Nilsen. Med seg i styret har dei også Torbjørn Blichfeldt Dyrland.