LAGET MARKERER SEG: Reklameplakatane på Nationaltheatret, Jernbanetorget og Byporten i Oslo.
Noregs mållag
Veksten held fram: Laget har 15 000 medlemer for andre år på rad
– No skal vi ha meir nynorskgjennomslag! 15 000 medlemer gjev oss politisk tyngde når vi kjempar nynorsken og nynorskbrukarane si sak, seier ein entusiastisk leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge.
Reisande på Nationaltheatret, Jernbanetorget og Byporten i Oslo har i morgontimane nyleg sett ein jublande mållagsleiar som skryt over medlemstalet på store digitale skjermar.