FAST ANLEGG: Paulucci Bakke og Trine Brox er stolte og glad for at Storsalen endeleg har fått eit godt lydanlegg.
Øystein Akselberg
Med god støtte er godlyden på plass – Paulucci er den som styrer spakene
Gullbring kulturhus har investert over 1,5 millionar kroner i nytt lydanlegg i Storsalen. Det er det første komplette lydanlegget på huset, og no står nytt lysanlegg på ønskjelista.
I år har storstova i Midt-Telemark fått heile 786.000 kroner i støtte frå Kulturrom, ei tilskotsordning for teknisk utstyr til konsertlokale. Gullbring kulturhus har lagt ein stor eigendel på bordet, og kan dermed investere heile 1.572.000 kroner i nytt lydanlegg i Storsalen.