SOLPANEL PÅ TAKET: Prosjektleiar Thor Henning Bråthen (t.v.) i Elektropluss har lagt solcellepanel på taket til Telemark Byggentreprenør. Prosjektleiar Stian Sveinsson er nøgd og gledar seg til at ta det nye anlegget i bruk.
Øystein Akselberg
Rekordår for solceller i Vestfold og Telemark: Tredobling frå i fjor
Talet på registrerte solcelleanlegg i Vestfold og Telemark fylke viser ei tredobling i år, samanlikna med i fjor.
2022 har verkeleg vore året for sal av solceller i Noreg, og folk i Vestfold og Telemark har heller ikkje latt investeringane vente på seg, heiter det i ei pressemelding frå Solcellespesialisten.