FØLG BESKJEDAR: Kolonnekøyring er krevjande, og det er viktig at du følgjer beskjedane frå brøytemannskapet.
NAF
Skal du over fjellet med bil? Her er lure tips om korleis du køyrer i kolonne
Full tank eller fullada batteri på elbilen er ein god start for vellykka kolonnekøyring. – Som bilist er kolonnekøyring noko av det mest krevjande du kan oppleve, seier rådgjevar i NAF, Jan Harry Svendsen.
Det er 23 fjellovergangar på riksvegnettet i Noreg. Kolonnekøyring er vanleg på mange av desse i vinterhalvåret. For oss som bur i Midt-Telemark er vegen over Haukeli den dei fleste brukar når me skal vestover. Her er det òg kolonnekøyring med ujamne mellomrom.