TIL TENESTE: Eivind Skoe Karlsen er ein av fleire brøytemannskap som har det hektisk når det snør.
Øystein Akselberg
Eivind har heftige dagar i snøkavet: – Me likar å brøyte
Brøytemannskap i Midt-Telemark har hatt fleire strie dagar på jobb i det siste. Me blei med i doningen til Eivind Skoe Karlsen i snøføyka onsdag.
I Midt-Telemark kommune er det 170 kilometer kommunal veg som skal brøytast og strøast som del av vintervedlikehaldet. Både i desember og no på nyåret har det vore utfordringar for dei som har denne oppgåva, og mykje arbeid for brøytemannskapet.