Førstegongsteneste:
Bawmuhtoo var soldat på grensa da krigen kom: – Det var tøft, men eg anbefaler militæret
I år er 9888 norske ungdommar i fyrstegongsteneste hos Forsvaret. Fleire av dei er frå Midt-Telemark. Krigen i Ukraina legg eit nytt alvor over militærtenesta, men fortsatt vil mange vere med.
Norske statsborgarar som er skikka til teneste i Forsvaret har verneplikt frå det året dei fyller 19 år. I førstegongstenesta lærer ein grunnleggjande soldatferdigheiter, i tillegg til at ein får ei spesifikk stilling som dekker ein nødvendig funksjon i Noreg sitt forsvar. Ein lærer dessutan meir om seg sjølv, får vener for livet og nyttig erfaring, ifølgje Forsvaret.