VIL SAMARBEIDE: Kokk Kathrine Rui, eigar Helge Solberg og direktør Ottar Langåsdalen ved Bø hotell er positive til eit nytt samarbeid med fylkeskommunen.
Øystein Akselberg
Første runde unnagjort for å få kokkefag til Bø – sjå kva fylkespolitikarane seier
Utval for utdanning og kompetanse i fylkeskommunen vedtok onsdag å gå vidare med planane om å etablere kokkefag i Bø. Ordføraren i Notodden ville avvise saka, men blei ikkje høyrd.
Tidleg i februar presenterte Bø blad nyheita om at fylkesdirektøren har lagt fram planar om endringar i og styrking av yrkesopplæringa innan den vidaregåande skulen. Forslaget er å etablere ei ny linje for restaurant- og matfag i Bø, samt å flytte den eksisterande avdelinga for faget sal, service og reiseliv frå Notodden til Bø.