STADIG FLEIRE: Ved årsskiftet var det 10.735 innbyggjarar i Midt-Telemark kommune. Her er ein god gjeng av dei på skidag på Sisjord i januar.
Øystein Akselberg
Ny folkevekst i Midt-Telemark: Fleire hundre flytta hit i fjor
Midt-Telemark kommune er rangert som nummer 67 blant landets 365 kommunar når det gjeld vekst i folketalet i 2022.
Statistisk sentralbyrå (SSB) har i dag presentert nye innbyggjartal for 2022. På landsbasis var det ved årsskiftet 5.488.984 innbyggjarar i Noreg. Det er ein auke på 63.714 i løpet av året, og gjev ein vekst på 1,17 prosent.