NYTT TROFÉ: Bø-optimistane har grunn til å juble etter at dei blei norgesmeistrar i Volleyball for tredje gong. Optimistane består av ein gjeng sprekingar i alderen 60+, som kvar måndag stiller til trening. Det har dei gjort sidan laget starta opp i 2015. Opp gjennom åra har dei spela seg gode, og under NM i Skien 25. mars, kunne dei nok ein gang ta heim den store pokalen. FOTO: Privat FOTO: Privat I STUDIO: I februar møttest Ignas Kazakezivicius, Torjus Langåsdalen, Jarand Seljestad Flaatin og Anne Haukvik Sauar på bandkurs i Akkerhaugen Rocksamfunn og Akkurat gamle nok for Akkerhaugen blei til. Musikk og band har gitt meirsmak, og palmehelga var bandet i studio for å spela inn ei låt dei har laga sjølve. Alt tyder på at me vil høyre meir frå Akkurat gamle nok for Akkerhaugen i tida som kjem. FOTO: Privat FOTO: Privat KJERNEKVELD: Låtskrivar og artist Thomas Hellekås avslutta konsertserien Kjernekveld på Kjernehuset sist fredag med ein solokonsert som engasjerte og rørte publikum. – Det blei en fantastisk avslutning på vårens kjernekveldar, seier Lisa Dawn Aarnes, dagleg leiar på Sauherad frivilligsentral. FOTO: Lisa Dawn Aarnes FOTO: Lisa Dawn Aarnes PILKEKONKURRANSE PÅ DALSVATN: 2. påskedag arrangerte Nordagutu Vel pilkekonkurranse på Dalsvatn. Det blir meldt om god stemning, og både små og store rigga seg til for å prøve fiskelykka. Fangsten blei variabel, men det blei fiska tryte, aure og ei røye. Det blei premiering av størst, minst og flest fisk. FOTO: Anne Ripeguto FOTO: Anne Ripeguto MANGE ARTISTAR: Martin Ødegaard, Mattis Kleppen og Lene Langåsdalen var blant dei som var på scena då Akkerhaugen Rocksamfunn presenterte Eric Clapton påseaftan. FOTO: Marta Kjøllesdal FOTO: Marta Kjøllesdal BYGGJER SKOGSBILVEG: I Breisås er entreprenørar godt i gang med bygging og utbetring av skogsbilveg frå byggjefeltet Breisås Sør og Venåsvegen til opp under Åstjønn. Ei strekning på rundt to kilometer og med ein vegbreidde på fire meter. Bilete er frå eit område der det blir teke ut stein til fyllmasse. Staden er rett ved der Arne Lie-løypa kjem ned til skogsbilvegen i retning Åstjønn. Skogeigar og utbyggjar er Eivind Eckbo. FOTO: Øystein Akselberg FOTO: Øystein Akselberg JUBILEUM: Bø pistolklubb feira nyleg 50-årsjubileum. Det skjedde på same stad som klubben blei stifta i 1973, nemleg på Bø hotell. På jubileumsfeiringa deltok 15 av dei om lag 50 medlemmene i klubben, opplyser leiar Frank Kallesten. FOTO: Privat FOTO: Privat SKIFESTIVAL: Laurdag 1. april inviterte Høllènn IL for femte gong til skifestival på Lifjell. Ein trur at omlag 500 personar fann vegen inn til Hollane denne dagen og dei fekk sjå mange luftige og flotte svev. Blant dei som hoppa var Sondre Bø (bilde), som stakk av med sigeren. FOTO: José Bakker FOTO: José Bakker Små glimt og gløtt frå livet i Midt-Telemark i april månad Synnøve Sudbø Kleppe Publisert onsdag 03. mai 2023 - 09:00 Sist oppdatert onsdag 03. mai 2023 - 14:24 Del på Facebook Del på Twitter Del på e-post Kjære lesar! Eksisterande abonnent? Logg inn her For å fortsette må du ha eit abonnement og vere innlogga. Har du ikkje abonnement? Bli abonnent Eksisterande abonnent? Logg inn her ✕ arkiv Del på Facebook Del på Twitter Del på e-post