NOMINERT: Einingsleiar Martin Ytreland er nominert i nasjonal kåring.
Eivor Hofstad
Martin er nominert i gjæv kåring: – Det er ei stor anerkjenning
Martin Ytreland er nominert til «Fremtidens ledere i kommune og helse-Norge 2023». Han takkar medarbeidarar og tilsette for godt samarbeid og eit felles ønske om utvikling.
Førre veke fekk Martin Ytreland, einingsleiar for heimepleie, institusjon, kjøkken og vaskeri, høyre at han er nominert til prisen «Fremtidens ledere i kommune og helse-Norge 2023». Vinnarane får tilbod om leiarutdanning hos solstrandprogrammet Accelerate for ein verdi av 250 000 kr. Premien er dekka av pensjonsselskapet KLP og forskningsfondet AFF. Kven som har tipsa om Ytreland til juryen er uvisst.