BRANNGRUPPA: Olav Birkeland Rygg, leiar i branngruppa i Bø og Sauherad Røde Kors.
Gro B. Røiland
Frivillige er klare til innsats når skogbrann-alarmen går
Når alarmen går for skogbrann i Telemark, er frivillige frå Røde Kors klare til å bistå. Bø og Sauherad Røde Kors er ein av tre lokalforeiningar i landet med branngruppe i beredskap.
Dei to andre lokalforeiningane med dedikerte branngrupper er Skien Røde Kors og Nome Røde Kors. Dei tre Røde Kors-branngruppene er unike i Noreg.