FOR FULL MUSIKK. Kva for ein festival snakkar me om her?
Rune Digranes Bøen
I feriemodus? Her har du ein sommarquiz å kose deg med
Quizen i Bø blad blir laga av dei tilsette på omgang. Spørsmåla kan til tider vera farga av det. Denne gongen er det Rune sin tur.
1. Kva heiter festivalen som blei arrangert 16.-18. juni i Bø?
2. Kva heiter styreleiaren i Bø skulemusikk?
3. Kven står som arrangør av festivalen?
4. Kven står som arrangør av Sankthansrock?
5. Kva for ein dato er det?
6. Kor skal fotball-VM for kvinner arrangerast i sommar?
7. Kva for eit land er regjerande meistrar?
8. Kven var vokalist i den norske visegruppa Vårsøg?
9. Kva for ei svensk popgruppe hadde ein sommarhit som heitte « sommartider»?
10. Kva står forkortelsen «AI» for?
11. Kva for eit selskap står bak chatboten ChatGPT?
12. Kva kallar ein eit spørsmål ein ikkje forventar eit svar på?
13. Kva heiter programleiaren for det populære TV-programmet «Debatten» på NRK?
14. Kva er eit anna ord for øyresus?
15. I kva for eit land er Ulan Bator hovudstad?