Ingrid Kristine med debututstilling – moro å vere på «heimebane»
Redesign er stikkord for smykka som Ingrid Kristine Wendelborg Hørte stiller ut på Hørte Dampfarveri. Dette er hennar fyrste utstilling, og ekstra stas sidan ho er på «heimebane».
Om lag 50 personar møtte opp da årets sommarutstilling på Hørte Dampfarveri opna laurdag. Både kunstnarar, familie, vener og andre interesserte dukka opp. Dei fekk sjå ei fargerik og flott utstilling laga av åtte kunstnarar med ulike uttrykk.