Privat
Er du sambuar? Da bør du lese om «duftlysfella»
– Når eimen av duftlys og romantiske middagar er eit fjern minne og kvardagen har innhenta deg, kan det vere for seint…
Dei fleste har vore der, i starten av ein relasjon, når kjærleiken gjer blind og av og til også ganske dum. I denne fasen gløymer ein kanskje at livet ikkje alltid er lett, at det ofte er bratt og i tillegg ganske glatt. Det varierer nok kor lenge ein er i denne fasen, men når eimen av duftlys og romantiske middagar er eit fjern minne og kvardagen har innhenta deg, kan det vere for seint å tenke smart kring inngåing av avtalar knytt til eigarskap av bustad, innbu og andre eigedelar.