TILBAKE: Inger Marit Egenæs opnar Imes hjørne igjen.
Marta Kjøllesdal
Imes hjørne er tilbake: – Det blir stadig påfyll av varer
I helgene fram mot jul dukkar det opp ein ny butikk i Bøgata. Det vil kanskje ta mange tilbake til ei tid dei har sakna.
For dei som gjekk i butikkar i Bø på 1980 og -90-talet er Imes hjørne eit begrep. Mange får stjerner i auga når dei snakkar om butikken som var den første som hadde te i lausvekt og kule ting, gjerne gjenbruk og retro, lenge før det var vanleg.