VALPARAISO: Ingrid Skåland Lia i Valparaíso, der ho studerer på universitetet. FOTO: Privat
FJELLTUR: Ingrid og systera Andrea i soveposar, med fjellet Fitz Roy i bakgrunnen. Fjelltoppen ligg på den argentinske sida av Patagonia. – Me gjekk fyrst til campen som ligg rett nedanfor utsiktspunktet til toppen, der bildet er tatt. Så campa me i telt der, for så å stå opp klokka 2 på natta for å gå opp og rekke soloppgangen. Me gjekk opp til toppen, tok med soveposar, liggeunderlag, primus og kanelbollar til å steike. Så nøyt me soloppgangen med ferske kanelbollar. Det var heilt magisk, fortel Ingrid. FOTO: Privat
FITZ ROY: Ingrid ved det majestetiske Fitz Roy i Patagonia, 3405 moh. FOTO: Privat
SOLNEDGANG: Ingrid og solnedgang i Las Dunas, sanddynene i Concon, med utsikt over Stillehavet. – Slik er solnedgangen her kvar dag, heilt nydeleg, fortel Ingrid. FOTO: Privat
COMPLETO: Ingrid med completo, Chiles svar på pølse med brød. Her får du mykje av det meste. FOTO: Privat
I NERUDAS HAGE: Ingrid i hagen til den chilenske poeten og nobelprisvinnaren Pablo Neruda. Huset han hadde i Valparaíso er museum. FOTO: Privat
NABOEN: Eit av nabohusa til Ingrid i Ciudad Abierta. Huset er påbygd over fleire år, ofte av arkitektstudentar, fortel Ingrid. FOTO: Privat
RIDETUR I SANDDYNENE: Ingrid på ridetur i sanddynene i Ritoque, like ved der ho bur. FOTO: Privat

Ingrid (27) er student i Chile: – Eg håper å ta med litt av det laussleppte heim

Arkitektstudent og musikar Ingrid Skåland Lia har bytta Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo og norske konsertscenar med eit år i Chile. Her finn ho ny inspirasjon til musikk, arkitektur og livet elles.

Publisert Sist oppdatert

Ved studiestart i fjor haust sette Ingrid Skåland Lia frå Bø kurs for Chile og Pontificia Universidad Católica de Valparaíso.

Kjære lesar!

For å fortsette må du ha eit abonnement og vere innlogga.

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS