BORTEBUAR: Karianne Slåtta Haugen.
Privat
– Me vurderer stadig å flytte heim, men oppdagingsferda er ikkje heilt over enno
– Flytting er oppe som diskusjon i familierådet kvar månad, seier bortebuar Karianne Slåtta Haugen (39).
Når flytta du frå Midt-Telemark?
– Eg flytta frå Bø i 2003. Då var eg 19 år og klar for å oppdage den store verda utanfor. Første året heimefrå gjekk eg på keramikk på folkehøgskule i Søgne utanfor Kristiansand. Året etter flytta eg til Bergen og søkte på kunsthøgskulen, men kom ikkje gjennom nålauget. Etter eit år med kunsthistorie i Bergen flytta eg til Oslo. Der har eg budd sidan. Eg har studert biologi i fem år, studert praktisk pedagogisk utdanning og har dei siste ti åra jobba med miljøspørsmål, natur og forureining både i offentleg sektor og privat.
Når flytta du frå Midt-Telemark?