INNE: Deler av Jønnbu er eit av område som fleirtalspartia vil ha som i den førre planen.
Øystein Akselberg
Formannskapet stemte for fleire hytteområde på Lifjell, men ikkje alle var einige
Det var både anger og kritikk då formannskapet for andre gong diskuterte om ein skal legge ut Lifjell-planen slik den er, eller med endringar.
I førre formannskapsmøte vart forslaget til ny plan for Lifjell utsett til møte 11. mars. Då var fleirtalet av politikarane kritisk til at mange av hytteområda var tekne ut av planforslaget som administrasjonen la fram.