SKULESTRUKTUR: Oppvekstsjef Pia Groven-Robertsen informerte utvala om planar for skulestruktur og innsparing.
Gro B. Røiland
Skulestruktur: – Kanskje ikkje så mykje innsparing, men kvar million tel
1,6 millionar kroner er det kommunen sparar på å legge ned Folkestad skule frå hausten 2024. – Det er ikkje så mykje, men økonomisjefen seier at kvar million tel, seier oppvekstsjef Pia Groven-Robertsen.
Oppvekstsektoren skal kutte om lag 17 millionar kroner i 2024, og tysdag fekk politikarane i utvala for oppvekst og kultur og for helse og velferd innblikk i arbeidet med å finne sparetiltak.