ALLSIDIG JOBB: Dagleg leiar Olav Sunde.
Marie Olderkjær
Olav driv samlingsplassen heilt aleine: – Det kan bli lange dagar
I januar i fjor tok Olav Sunde over som leiar av Jønnbu fjellkyrkje. Han fortel om ein meiningsfull jobb der han føler at han kan bidra.
– For meg er det spennande med ein så variert jobb. Eg har ein veldig allsidig bakgrunn, og ser på meg sjølv som ein som er flink til mykje forskjellig, seier Olav Sunde.