NÆRHYTTE: Tom Ivar Gravklev med hytta Gunvorbu på Lifjell.
Marie Olderkjær
Tom Ivar og broren bygde på Lifjell: – Hytta blir finansiert av utleige
Tom Ivar Gravklev og broren bygde hytta på Lifjell sjølv. No blir ho flittig brukt både av dei sjølv og andre.
– Me brukar vanlegvis hytta sjølv i vinterferien og påskeferien, og nokre helger. Når me ikkje brukar ho, har me den ute for utleige. Me leiger ut når me kan, men me stortrivst og brukear hytta ganske mykje sjølv, seier Tom Ivar Gravklev som synest det er greitt å ha nærhytte.