Her går det så sagflisa sprutar: – Me har greidd oss bra i vanskelege tider
Telemarksbruket har full drift, sjølv om det er nedgangstider i byggjebransjen. Bedrifta har investert millionar og har mål om å auke produksjonen monaleg i åra som kjem.
Ei livskraftig bedrift med stort potensiale ligg og breiar seg på Rotebergmoen i Bø. Den er ikkje så synleg for folk flest i Midt-Telemark, men er ein stor og viktig aktør i tømmerbransjen.