I VINDEN: Anne Fagermo er i vinden for tida.
Torill Verpe
Platekontrakt i boks: – Mange syng ufatteleg fint, men Anne har eit særpreg
Anne Fagermo har signert kontrakt med plateselskapet Grammofon på Notodden. – Mange syng ufatteleg fint, men Anne har eit særpreg, seier dagleg leiar Øyvind Sauarlia.
Fredag 3. mai kjem det ny singel frå Anne Fagermo. Det er på ingen måte fyrste gong at artisten frå Akkerhaugen gir ut musikk, men det er fyrste gong med platekontrakt og plateselskap i ryggen.