L
Brage Bok blir borte frå Bøgata. Dette seier sjefen ved forfattarstudiet
Leiar ved forfattarstudiet, førsteamanuensis Rune Christiansen, er blant dei mange som reagerer kraftig på at Brage Bok i Bøgata blir borte.
I veka som gjekk vart det kjent at Studentsamskipnaden i Sørøst-Norge (SSN) sel Brage Bok Bø til Vest-Telemark bok og papir som driv Norli på Bøsenteret. Det fører til at bokhandelen i Bøgata blir lagt ned og flytta til Bøsenteret.