Delte ut 1 million kroner: – Det betyr mykje
Det var gåvedryss på Bø torg under Vårmarknaden laurdag. Sparebankstiftinga Bø deler i vår ut ein million kroner. Dei fem føremåla som får mest var representerte på torget.
– Rekordresultat i banken gir grunnlag for rekordutbetaling frå oss i stiftinga. For fyrste gong på ti år deler me ut ein million kroner til gode formål i ein ordinær søknadsrunde, sa styreleiar i Sparebankstiftinga Bø, Hans Bakke.