JERNBANE: Samferdselsdepartementet omdisponerer pengar.
Bø blad, arkiv
Flyttar milliardar til drift og vedlikehald av jernbanen
Regjeringa omdisponerer 1,45 milliardar kroner til drift, vedlikehald og fornying av jernbanen i revidert nasjonalbudsjett for 2024.
Både framdrift og føresetnader i nokre av Bane NORs utbyggingsprosjekt har blitt endra. Derfor legg ein i år opp til å omdisponere investeringsmidlar til drift, vedlikehald og fornying av dagens jernbane. Det kjem fram i ei pressemelding frå Samferdselsdepartementet.