GLAD: Martha Bjelland Bø er glad for gode tal.
Gro B. Røiland
I år får Martha ja frå fleire: – Det er like spennande kvart år
Assisterande rektor Martha Bjelland Bø får i desse dagar endeleg svar på kor mange elevar som startar på Sagavoll folkehøgskole i år. Det ser lovande ut.
– Me har akkurat like mange søkarar i år som i fjor, 353 søkarar, men i år er det fleire som har takka ja. Me startar derfor skuleåret med fleire elevar i år enn me gjorde i fjor, seier assisterande rektor Martha Bjelland Bø.