VIL VERNE OM LAKSESTAMMA: Øystein Saga ved Nome og Midt-Telemark landbrukskontor (f.v.), Anita C. Kirkevold i Midtre Telemark vannområde, Anne Kirsti Sanda Torekåsa og Kjell Nordbø, begge frå lakseutvalet i Bø fiskelag, støttar forbodet om fiske i Bøelva og Sauarelva.
Øystein Akselberg
Fiskesesongen er avblåst
Frå 1. august er det forbode å fiske i både Bøelva og Sauarelva, samt i fredningsonane der elevane renn ut i Norsjø. No blir oppsynet skjerpa for å hindre tjuvfiske.
Det er innført forbod for all fiske i Bøelva, Sauarelva, samt også Tinnelva og Heddøla, samt i fredningssonane i utløpsområda i Norsjø, både mot Årnesbukta på Gvarv og utløpet på Akkerhaugen. Her er absolutt all fiske forbode. Forbodet gjeld frå 1. august og mest sannsynleg ut heile sesongen.