GJER DET BRA: Jentelaget G13 gjer det bra på cup.
Privat
Fossa framover: – Jentene hadde ingen ting å frykte
Det gror godt i jentefotballen i Skarphedin, og klubben har i sommar sanka medaljar på fleire cupar. Nyleg tok jenter-13 si andre cup-sølvmedalje i år.
Sist helg var det fotballcup i Sandefjord, og der deltok fleire lag frå Skarphedin. Dei to gutelaga G12 og G13 var med, i tillegg til jentelaget J13 som gjorde det svært skarpt på banen denne helga. Dei enda opp med å ta sølv i A-sluttspelet, og med det kan dei skilte med to gjæve andreplassar i cup-samanheng dette året. Dei same jentene innkasserte nemleg også sølvet under årets Sommarlandcup i juni.