Spente førsteklassingar på nedleggingstrua skule
Folkestad skule starta opp med 125 elevar i dag. For tjue av dei var det ein ekstra spesiell dag.
Det var ei heilt spesiell stemning i dag da 20 førsteklassingar møtte til første skuledag på Folkestad skule. Konstituert rektor Venke Raundalen tok imot og helsa på både foreldre og ungar.