TOPP JOBB: Regine Sønderland Saga ser gjerne at fleire kvinner kjem på banen.
Adriana Sòria Peris
Regine (32): – Det hadde vore gøy å prøve eit høgare nivå
– Eg trivst så godt med oppgåva at eg gler meg til sommarferien er over. Da kan eg nemleg dømme fleire kampar igjen, seier Regine Sønderland Saga (32).
– Som barn og ungdom spelte eg fotball på det gamle Nordagutu-laget Kjapp, som seinare skulle bli ein del av Sauherad IL. Eg spelte fram til eg var seksten år gammal, seier Regine Sønderland Saga, som no gjer det skarpt som fotballdommar. Ho er kretsdommar og registrert i Sauherad IL.