ENDRINGAR: Her kan det bli endringar komande år.
Marta Kjøllesdal
Nå blir banken større: Vil bli leiande i landet
Styra i Sparebanken Vest og Sparebanken Sør har vedteke ein plan for korleis dei to skal slå seg saman og danne Noregs leiande sparebank.
– Gjennom over 200 år har Sparebanken Sør og Sparebanken Vest bidrege til vekst, aktivitet, arbeidsplassar og økonomisk tryggheit for personkundar og bedriftskundar i tallause lokalsamfunn i Sør- og Vest-Noreg. Gjennom samanslåinga blir me ein endå meir offensiv og solid aktør, som skal vere like nær og lokal som før, skriv Jan Erik Kjerpeseth, konsernsjef i Sparebanken Vest, i ei pressemelding.