Sa opp fast jobb og satsa for seg sjølv: – Har ikkje angra
I eldhuset på garden Underberg blir det baka tusen lefseleivar i veka. Mange av dei skal Anne Underberg ha med på Norsk Eplefest.
Store delar av året er det full fart i heimebakeriet hos Anne Underberg, profesjonell lefsebakar og gründer frå Gunheim. I eldhuset på garden Underberg, der Anne er sjette generasjon, har ho baka for sal sidan 1994. Dei fyrste åra ved sida av anna jobb, frå 2011 på fulltid.