NOREGSMEISTER: Eivind Lie etter finalen.
Privat
Eivind (21) til topps: – NM-tittelen heng høgt for meg og teamet
I sin andre sesong bak rattet i ein Porsche med 400 hestekrefter blei det både laurbær og NM-pokal på Eivind (21) frå Gvarv.
Eivind Lie frå Gvarv kan etter NM-avslutninga på Vålerbanen i helga kalle seg Noregsmeister i racing i den gjeve klassa GT3. Dette er spesialbygde racingbilar med rundt 400 hestekrefter. Bilen som Lie køyrer er faktisk ein Porsche 2008-modell, som betyr at føraren berre er fem år eldre enn bilen.