HAR NYE PLANAR: Tomas Wiig og Andreas Figenschou.
Øystein Akselberg
No har Tomas og Andreas nye planar
Bakeriet Bø Brød har no tre år på baken i Grivigården i Stasjonsvegen. No føler dei to drivarane seg etablert, dermed dukkar det opp planar om utviding av drift og lokale.
– No har me vore i Stasjonsvegen i tre år og føler at me er etablert. Me har utvida og auka jamt og trutt, både på kvalitet og omsetning, seier Tomas Wiig, som var den første av dei to som gjekk inn i drifta av bakeriet.